Tor og Idunn tok turen rundt jorda for å mønstre på Freya, her er en liten filmsnutt fra oppholdet 🙂 Norrøne guder på besøk
Eit lite eventyr på Fiji
Bula!
Det er no gått over to veker sidan me kom ombord på Freya som nye matrosar. I morgen går turen vidare til New Zealand, men me skulle gjerne ha vore ombord her endå lengre. For ordens skuld så er «me» Idunn og Tor, to norrøne gudar på eventyr på Fiji.
Ingen av oss er vel noko utprega sjøfolk, men me må sei at det har gått veldig fint. Det har ikkje vore noko spying og me har sove godt sjølv om det har vore ein del sjø og vind på ankringane me låg i.
Øyvind fortalde i grove trekk korleis me hadde det den fyrste halvdelen av turen, men verkar å gløymd bort ei hending. Dette var då me hadde ankra opp med Yanuya øvst i øygruppa Mamanuca.
Tradisjon tru ville me inn til land for å helse på høvdingen i byen og gje han ein kvast med Kavarøtter. Det var litt sjø og såg litt rufsete ut å kome seg inn til land, så Øyvind og Tina ville fyrst på synfaring før dei henta landkrabbene. Det endte med at dei ikkje kom seg fram på stranda, prøvde ei alternativ rute og til slutt stranda med jolla på et svaberg eit stykke frå stranda.
Dei hadde vald å ikkje bruke motoren, men berre padle som gjorde at dei hadde blitt tatt av sterk vind på eit punkt. Det er lett å vere etterpåklok, men det osa ikkje akkurat gode beslutningar kring denne hendinga. Øyvind og Tina leita etter ein måte å kome seg attende på, men gode råd var dyre og det var strengt tatt lite landkrabbene på Freya kunne gjere.
Det heile endte med at dei vart henta av ein annan seglar på same ankringa og dei returnera slukøyra til båten. Diverre fekk me ikkje tatt bilde av dei stranda seglarane, det var nemleg litt av eit syn.
Du, som les dette og sikkert las førre innlegg, hugsar kanskje at me var på Sevusevu i landsbyen i Waya. Her vart me etterkvart godt kjent med innbyggarane. Dagen etter me var og smaka på Kava var me på fjelltur med den lokale guiden Solo. Det var ei svært bratt affære då me gjekk rett opp fjellet som var kledd med lavastein. Det såg ikkje ut til å vere framkomeleg i det heile, men me var oppe på den 510m høge toppen i løpet av ein time.
Mary, den lokale dama som tidlegare hadde solgt oss ein del grønnsakar, invitera oss på middag ein kveld. Det takka me sjølvsagt ja til, og fekk servera ein heil del lokale rettar. Det var veldig moro å smake på dei ulike rettane. Det var ikkje alt som fall i smak, men det var blant anna ein utruleg god blekksprut som alle var einige om at var den beste dei hadde smaka.
Elles fekk me servera ei karri-gryte, muslingar, ei spinatpanne, noko dei kalte «sjø-druer» og Fijiansk brød.
Heile tida medan me var på tur fekk me snorkla mykje og sett ein heil del ulike fisketypar. Eg, Tor, var ikkje særleg begeistra for å snorkle før turen, men har storkosa meg med det no. Det var ein heil del korallar overalt kor me kasta anker og me kunne stort sett berre hoppe ut frå båten å snorkle rundt. I starten såg me mest små korall- og anemonefisk. Dei var i alle regnbogens fargar og det vart fast gjeremål å finne ut kva fiskar me hadde sett etter me snorkla.
Ein ting me har tykt vore veldig triveleg er at alle seglarar har ein veldig god tone med kvarandre. Då me låg inntil Waya var me innom Cedric frå Sør-Afrika og tok nokre øl med han, og me hadde også to trivlege kveldar med Sarah frå Noreg på Malololailai. Her i Port Denarau trefte me også australiaren Pete som hadde handla sin båt samtidig som Øyvind og Tina kjøpte Freya i Mexico, der fekk med heilt topp grillmat.
For å vere sikre på at me rakk flyet i Nadi torsdag reiste me tilbake frå Yasawa gruppa allereie laurdagen før. På vegen ankra me mellom anna på Bounty Island kor me såg ein leopardhai når me var ute å snorkla. Den låg berre på botnen med sidan av ein korall og slappa av. Me overnatta ei natt utafor Bounty Island før me tok fatt på vegen tilbake til Denarau kor me skal byttast ut med nye matrosar.
Me var også innom Lautoka på vegen, ein industriby kor det er stor produksjon av brunt sukker. Heile byen lukta som når ein kokar saft av solbær, som gav varierande reaksjonar i gruppa. Landbruket på Fiji er mest basera på produksjon av sukker, samt litt ulike fruktar og grønsakar.
Då me kom til Denarau klara me å rive hol i jolla då me skulle kaste den i vatnet. Me gjorde eit godt forsøk på å reparere gummibåten, men det viste seg at ein helst skulle vente i 24 timar frå lappen var på til det var trykk på den. Me venta ca. 2,4 timar. Las litt feil der. Uansett var det berre å alltid ha med seg pumpe i jolla, så viste det seg å ikkje vere noko problem. Nokon vil kanskje seie at det vart betre slik…
Du, som les dette og sikkert har lese fleire liknande innlegg, sit kanskje med mange spørsmål om korleis ulike sanitære ordningar er på båten. Det er slik at det er eit vassklosett på båten, som går på saltvatn og som brukar pumpar med handmakt til det som måtte vere i skåla er i sjøen. Difor er det viktig at ein alltid annonserar om ein må på do slik at ikkje folk tar seg eit bad samstundes eller tappar saltvatn til oppvask.
Me har med andre ord god kontroll på dovanane til kvarandre etter eit par veker på båten. Det har vore lite dusjing med unntak av Musket Cove i starten av øygruppa Mamanuca før me kom attende til Denarau. Det var ubeskriveleg godt å vaske av seg alt salt og solkrem. LIkevel kjende me oss ikkje skitne då me stort sett bada kvar dag i sjøen.
Maten ombord har vært helt upåklagelig. Tina baka brød stort sett annan kvar morgon. På vegne av matrosana vil eg seie at av alle plassar me har vore rundt i verden og reist, har me aldri fått så godt brød. Elles bestod frukostane av ulikt pålegg og mykje tomater og agurk.
Me var kanskje førebudd på at det vart enkel mat å få på båten, kanskje litt som drivstoff for kroppen. Me vart veldig positivt overraska. Me har ete heilsteikt kylling eit par gonger, heimelaga pizza, indisk gryte, grilla Mackerell som Idunn heltemodig fanga, ulike salatar og mykje god mat. Det har ikkje vore så mykje kjøtt me har ete, då det ikkje er like haldbart over lengre tid, men mykje gode grønsaker.
Kort beskrive har dagane innheldt mykje bading og snorkling, fine kryssingar, kortspel, god mat, formidable lokale radiosendingar og klassisk god stemning.
Me har hatt ei fantastisk tid på Freya, og vil takke Øyvind og Tina stort for at me fekk lov til å kome her å vere del av deira reise. Hadde me vore frå Amerika hadde dette heilt klart vore «a life-changing experience». Det er det vel kanskje også, men som nordmenn vel me å ikkje ta så store ord i munnen og kallar det heilt fantastisk. For det har det verkeleg vore!
Beste helsingar
Bøssegut Tor og Dekkstøs Idunn
Synfaring på Fiji
Våre to nye matroser, Idunn og Tor, har funne seg vel til rette på båten. Dei er allereie blitt gode og svidde til tross for at det har vore dårleg vær her i nesten ei veke. Norsk hud og alt det der… Det verkar ikkje som det er nokon mellomting i været her, det er anten steikande varmt eller surt, småkaldt og vått. Men kven klagar? Ikkje me i allefall.
Tor og Idunn ankom marinaen i Nadi (uttalast Nandi) tidleg på morgonen. Daudslitne og med søvnmangel drog me dei med på proviantering i Nadi. Me skulle handle mat og drikke for heile opphaldet deira, så me kunne reise til avsidesliggjande øyer utan butikk. Heldigvis var det ein flott grønsaksmarknad med det meste ein kunne tenkje seg. Her vart det handla både kjende og ukjende rotvekster, grønsaker, frukt og den søtaste ananasen me har smakt.
Fyrste stopp ut frå Nadi var Musket cove, ei flott øy, men litt for tett mellom båtane. Det var også dritvær så opplevelsen av staden vart kanskje farga litt av det. Me traff att Sarah frå den Norske båten Serine der, og rakk å få inn ein fest eller to mellom regnbygene. Mamanucasgruppa har mykje meir turistar enn Yasawa, så planen var å kome raskt opp dit. På den andre ankringen fann me ei strand heilt for oss sjølve, og været var ikkje så verst. Det utnytta me til fulle med stort bål og middag på stranda. Idunn fanga middagen under overfarten, ein gedigen makrell (Spanish Mackerel) på 12 kg. Litt anna type enn den me er vant med i Noreg kanskje, sjølv om smaken faktisk ikkje var heilt ulik.
No har me endeleg kome oss opp til øya Waya, den fyrste øya i Yasawa. Det er ei heilt fantastisk øy med sandstrender, høge fjell, god snorkling og med ein koseleg landsby inne i bukta. Innbyggjarane er veldig hyggelege, og me er vorte varmt tatt imot.
På Fiji er det landsbyen som eig land og sjø, og før ein kan utfolde seg på ein ny stad må ein få velsigning hjå den lokale høvdingen. Då skal ein ha med seg ein kvast me Kavarøtter som gåve til høvdingen. Den skal overrekkast under ein seremoni som vert kalla Sevusevu. Høvdingen tek imot kavaen og seier ei regle på Fijiansk der han takkar oss for gåva og at han tek oss under sine vengjer så lenge me er hjå dei. Etter velsigninga kan me bevege oss fritt i landsbyen, fiske og bade på deira grunn. Me hadde på førehand lest mykje om denne skikken og var veldig usikre på korleis dette eigentleg gjekk føre seg. Heile opplevinga var udelt positiv, me vart tekne imot på stranda av Khuna, dotterdotter til høvdingen, ho snakka flytande engelsk og tok vel vare på oss under seremonien. Høvding Lai-Tom var ein hyggeleg mann i alderen 60 til 100 år.
Sidan me ikkje har drukke kava før vart me invitert av høvding Lai-Tom på grog (kava) ein ettermiddag. Kava er ein svakt narkotisk drikk som gjev numne lepper og er søvndyssande. Kavarøttene vert knust til pulver og blanda med vatn. Resultatet ser etter ei stund ut som skittent oppvaskvatn. Mmmm, høyres godt ut ! Det er også ritual når ein skal drikke kava. Før ein tek i mot koppen, som er eit halvt kokosnøttskal, skal ein seie Bula! og klappe ein gong. Etter ein har drukke opp alt skal ein klappe tra gonger til og seie Maca! (uttalast matha). Seremonien er ikkje over før bollen er tom. Denne tradisjonen har vel sin del av skylda for at Fijianarane er særs utsatt for alkoholisme, dei stoppar ikkje før flaska er tom. Me hadde høyrt at kava smakar vondt og kunne være vanskeleg å få ned, så me var spente på korleis dette skulle gå. Vår oppleving av drikken og ritualet var god og smaken var ikkje så verst. Me kjende at leppene og tunga vart numne, men vart ikkje søvnige. Mellom kvar runde snakka me om laust og fast frå Norge og Fiji. Det vart ein koseleg kveld rundt kavabollen.
Me har det veldig fint her. Det er ein trygg og god ankring og me gler oss til å utforske meir av området. I morgon skal me på guida tur på ein fjelltopp i dalen, middag på kvelden hjå nokre lokale og me har sett oss ut fleire plassar me skal snorkle og kose oss. Livet er ikkje så verst her på Fiji.
Kart frå 1800-talet og ghettomarina
Turen til Fiji frå Samoa gjekk bra. Det starta med nydeleg segling det fyrste døgeret. Me fekk fisk, det var små bølger, blå himmel, stjerneklart og månelys om natta. Fantastiske forhold! Så kom det eit væromslag med kraftigare vind frå sør. Me fekk opp til 15 m/s på slør, altså bølgene traff båten midtskips. Det bygde seg opp kjapt og reisa blei mindre behageleg, lyden av bølgene som slo inn i sida både kjentes og høyrdes ut som grunnstøytingar. Spesielt lite kjekt var det når bølgene slo over båten og inn gjennom ventilen i taket og eit lukka vindauge, typisk nok så havna det meste i ansiktet på den som låg og sov. Brutal oppvakning. Det meste vert slitsom i slike forhold, men heldigvis roa vinden seg neste dag til 10 m/s og dreia litt øst. Då fekk me bølger og vind meir i stompen og reisa vart meir behageleg. Etter fem dagar til sjøs var me endeleg på veg inn til Fiji. Me kom inn i Nanuku passasjen midt på natta og var litt nervøse for det. Karta rundt Fiji har ikkje det beste ryktet på seg, og ein del av kartmaterialet stammar då også frå 1800-talet og var gjort med blylodd og sekstant. Ikkje bra. For å gjere det endå verre er mange av sjømerkene øydelagd av syklonar og ikkje blitt erstatta. Det gjekk heldigvis veldig greitt for oss å komme inn, me hadde god kontroll heile vegen og stjernene lyste såpass opp at me kunne sjå land.
Her har me fått igjen pusten og kosar oss på den fredelege plassen. Me ligg på moring utanfor den mest shabby marinaen me har sett til no, men dei hyggelege ansatte veg lett opp for det. Savusavu er ein liten tettstad med mykje sjarm og livlege utestadar. Det er varme kilder her som renn ut i bukta og skapar trollsk stemning om morgonen. Dei lokale brukar dei til å koke maten sin i faktisk, så det er ikkje her me hoppar uti for å kjøle oss ned…
Her har me truffe mykje hyggelege seglarar og blandt dei to andre norske båtar. Det er alltid kjekt. Prisane her er ei gledeleg overrasking. No kan me ta oss råd til å ete ute ein gong i blandt. Dette passar særs bra no når gassystemet på båten har tatt kvelden for ei lita stund. Internettet her er også heilt fantastisk. Me har fått ganske rimeleg internett på mobilen så nå kan me surfe i båten. Hadde ikkje trudd at me kom til å sette slik pris på å endeleg vere tilgjengeleg att.
Båten skin igjen etter at Semi for over skroget med voks. Me hadde vanlegvis gjort dette sjølve, men Semi kapra oss på gata fyrste kvelden og med hadde ikkje hjerte til å sei nei når han fortalte om sine åtte barn som måtte leve på ris og vatn. Han forsnakka seg eit par dagar etter då han fortalte om sine seks barn som skulle få ferske grønnsaker og kjøtt frå marknaden i landsbyen. Jaja, kjekk fyr lell og båten vart fin.
Planen vidare er å komme oss ned til Nadi på vestsida av hovudøya i Fiji der me skal få på to nye matrosar. Me satsar på mange fine stopp på vegen. Dette gledar me oss sjølvsagt veldig til.
Gløymde nesten å fortelje om fisken me fekk. Sjukaste fiskeopplevinga til no, det er det ingen tvil om. Bremsen skreik plutseleg iltert, og eg sprang bort for å stramme den til. Medan eg var opptatt med å sjå på snella kjem utropet – å fytti hælvette- frå Tina. I det eg ser opp hoppar fisken endå ein gong og ein svær seglfisk (Sailfish) kjem til syne 70 meter bak båten. Heile fisken er oppe av vatnet, og den reiser på eit utras som nesten tømmer snella (på maks brems). Tina skrik: Kutt snøret, dette gåkke. Eg hadde ikkje heilt trua på det sjølv for å vere heilt ærleg, men etter det fyrste utraset gav den seg, og var eigentleg ganske grei å få inn etter det. Litt småskummelt å kleppe og dra monsteret ombord i båten med sverdet veivande rundt. Fisken smakte godt, og me har fortsatt ein del igjen, den var tross alt 2,5 meter lang!
S/V Freya TV – Selskapsøyene
Her er en film fra besøket på Selskapsøyene! Bedre sent enn aldri 😀 Selskapsøyene
Fossefall og Flammedans
Samoa har vist seg frå si beste side. Sjølv om me berre har fått fem netter i dette vakre landet, så følest det som mykje meir. Me har fått opplevd utruleg mykje på kort tid med ein guida taxitur (taxien er billig her) rundt øya som høgdepunkt. Me fekk sjå og bade i spektakulære fossefall, grotter og gigantiske lavahol.
Tilfeldigvis er det ein stor festival her no, Teula Festival, så det har skjedd mykje i Apia denne veka. Det har vore danseoppvisning med tradisjonell dans og flammedans. Me har også fått eit unikt innblikk i den tradisjonelle levemåten med kava-seremoni, matlaging og tattovering. Det er eit tradisjonsrikt og spirituelt folk som er stolte av sitt opphav.
Tre gonger i veka marsjerer heilte politistyrken i Apia frå politistasjonen til Rådhuset med fullt korps. Sjeldan har menn i skjørt osa så mykje respekt.
Desverre så er værutsiktene framover dårlege så me må forlate Samoa raskare enn me kunne ynskje. Neste stopp er Savu Savu på Fiji. Det er ei reise på omlag 5-6 dagar. Samoa har absolutt vore ein av favorittane så langt på reisa.
Talofa, Samoa!
Nok ei stor kryssing er vel overstått. Etter forsienka avreise frå Huahine ligg me no trygt fortøyd i Apia Marina i Vest Samoa, etter 12 dagar på vatnet. Kryssinga gjekk veldig fint, sjølv om den vart mykje lengre enn me hadde tenkt. I utgangspunktet var planen å stoppe på Suwarrow, som er på vegen, for å kvile litt og for å utforske atollen. Slik vart det ikkje på grunn av tidsmangel, gassmangel og dårlege værutsikter. Suwarrow er ubebudd og svært utsatt for dårleg vær, så valget var ikkje så vanskeleg. Kryssinga vart over dobbelt så lang som planen, men sidan me var veldig heldige med været så gjekk det heilt fint. Me hadde eit par byger med skikkeleg vind, men ellers var det fint vær med sol om dagen og stjerner om natta. Det var eit skikkeleg drittvær lengre sør for oss, der me eigentleg hadde tenkt oss, og me høyrde om fleire båtar som måtte komme seg vekk frå uværet. Me hadde vel flaks med været for ein gangs skyld.
Den mest ekstreme solnedgangen nokon sinne fekk me sjå midtvegs på turen. Det var lilla, rosa gult, grønt og blått heile horisonten rundt oss og den tok aldri slutt. Me sto og måpte. Slikt kan ein ikkje fange på film eller kamera dessverre. Øyvind hadde også sin livs fiskekamp undervegs. Ein tunfisk på størrelse med Tina beit på (ca 50 kg), og kampen varte i ein time. Det var mykje sveitte, blod og banning undervegs, men til slutt gjekk fisken av med seieren, to meter frå båten. Kanskje like greitt, den var alt for stor for oss sidan me ikkje har fryseboks, og det er heller usikkert om fiskeren hadde igjen krefter til å hale beistet ombord. Det var gangsperr i mage, lår, rygg og armar i to dagar etterpå. Ellers på turen fekk me to Dorado, ein fisk me ikkje har fått før. Den smakar som kylling og me fekk heile seks middagar ut av dei to.
Innsjekkinga til Samoa var litt av ein prosess. Heile fire stykkjer frå ulike departement skulle innom båten og me måtte fylle ut ein bunke med papir for kvar av dei, men god stemning var det.
Samoa er ein uslipt diamant. Det er mykje å oppleve, både kultur, mat og natur. Dei aller fleste snakkar godt engelsk, noko som er supert for oss, etter trois mois en Polynésie française. Her går menn og kvinner i skjørt, eller Lavalava som det heiter. Øyvind har kasta seg på moten! Folket her er veldig hyggelige og det er lett å komme i snakk med folk. Dei er like nyfikne på oss som me er på dei, og me gler oss til å utforske meir av landet.
Stor takk til Aurora for spot on værmelding under overfarten. Det er veldig trygt og godt å vite at nokon har kontroll på værsystema rundt oss.
Utsjekk Fransk Polynesia
Daa er tida straks inne for aa forlate Fransk Polynesia. Her har me opplevd utruleg mykje fint, baade av natur og med folk me har moett, men etter over tre maanader skal det bli spanande aa utforske nye land. Me har sikta oss ut Suwarrow som fyrste landkjenning, eit naturreservat i Northern Cook Islands. Det er ein ubebudd atoll, der to oppsynsmenn jobbar seks maanader i aaret. Me reknar med aa bruke ei veke dit dersom vinden er god. Etter eit lite opphald i Suwarrow seglar me vidare mot Samoa, ein tur som boer ta ei lita veke.
No bunkrar me opp og gjer klar baaten for ei lengre kryssing. Me haapar vaergudane er med oss, og heldigvis saa faar me igjen hjelp fraa vaar trufaste meterolog, Aurora.
Ship O’hoi
Ny PC, ny video
Den gamle Pc’n tok kvelden for noen uker siden, så videoredigering har vært vanskelig, men blant alt det fantastiske som Bente og Dag hadde med seg i baggene, var det også en ny PC. Så her er en liten video fra Tuamotu øyene. Øyhopping i Tuamotu.
Er tomt i båten nå som vi bare er to igjen. Har vært utrolig koselig med besøk og vi gleder oss til nye matroser på Fiji. Vi reiser fra Tahiti i dag og setter kursen mot Huahine og Bora Bora.
Opplevelsene står i kø…
Hei igjen Bloggen … Bente og Dag er fremdeles her !!!
Dette er siste dagen vår som matroser om bord på Freya. Nå føler vi oss virkelig hjemme, har funnet roen og rutinene og kunne nok gjerne vært noen uker til …. Det blir vemodig å skulle forlate T&Ø … og Freya, men det har uansett vært en fantastisk reise og opplevelse for oss. Vi håper de også har hatt glede av å ha noen gjester om bord i båten selv om de har måttet justere litt på sine (u)vaner. Det er forskjell på å være 2 og 4 om bord i en båt som egentlig bare er 30 fot.
På Moorea leide vi bil i ett døgn for å utforske hele den vakre og kuperte øya. Vi fortøyde longboardet på taket med tau gjennom førerhuset som samtidig blei fin feste for bodyboardet inne i bilen. Vi skulle ikke gå glipp av noe om muligheten bød seg. I praksis var det bare en vei, og den gikk rundt øya. Figurer som viste km-avstand erstattet tradisjonelle navneskilt og avstandsmarkering. Turen blei derfor rundt øya … . Mye flott natur, med skiftende terreng og vegetasjon. Husstandarden skiftet og var svært variabel blant de lokale. Alle vi møtte var svært vennlige, og alle hilste på oss. På turen fant vi også øyas beste surfespot. Mange bodysurfere og profesjonelle bølgessurfere hadde funnet stedet. Bølgene blei for heftige for oss (dvs. T&Ø), men det var morsomt å følge de som virkelig kunne .. . Mens vi fulgte surferne, dukket også 2 hvaler opp rett utenfor revet som også viste sine kunster. Utrolig morsomt å se. Turen gikk videre til en av de få veiene innover og oppover på øya. Den endte på et utsiktspunkt 240 moh kalt Belvedere. Det var et fantastisk skue utover 2 av de flotte buktene nord-vest på øya. På veien opp i fjellet kjørte vi gjennom store ananasplantasjer og gamle bosettinger før de kristne kom til øya. Alle steder så vi ville høner og haner med og uten kyllinger. Vi syntes det var mye god mat på avveie. De overlevde vårt besøk, men en hov hadde gjort susen.
Vi nøt dagene nord-vest på Moorea. Lagunen lå fint i forhold til vind og vær. Vi kunne bevege oss fritt rundt med jolla.
Vi besøkte også piggrokkene og fikk kjenne på de silkemyke kroppene. Med litt medbragt vellagret tunfisk blei vi svært populære mens revhaien kretset rundt og håpet på en bit de også. Vi dro tidlig for å være aleine vi fire med rokkene og haien … en litt surrealistisk opplevelse .. med skrekkblandet fryd. En dag tok vi også seilbåten ut for å fiske og se nærmere på mulige hvaler utenfor revet. Vi fikk ingen fisk, men mistet en stor en som vi hadde på en stund før den tok både krok og snøre. Den viste seg i hele sin lengde over vannet før den dro. (Vi fisket med sene tykkelse 110!!)
Vi fikk derimot andre fisker som vi kunne bruke til agn. En ettermiddag/kveld fikk vi en stor Emperor – yellow lip. Kan være en god matfisk, men kan være giftig innenfor revet. Vi tok ingen sjanser og bestemte oss for å ofre den til haiene. Etter det blei mørkt tredde vi et 11mm tau gjennom munn og hode, Dag holdt i enden og vi kastet ut utenfor båten. Det tok ikke lang tid før vi var omsvermet av hai, men de var lyssky. Fisken hadde solid skinn, men etter et skikkelig basketak og to haier fast i fisken blei vi sittende med bare hodet igjen. Vi kastet ut hodet med tauet, festet det i rekka og gikk ned i båten. Vi kvakk til ved et par dunk i skroget og plask utenfor. Når vi kom ut, var det bare en taustump igjen. Den var bitt tvert av. En annen kveld fikk vi 2 store Orbicular Batfish som var langt større en dolokket hjemme! Det blei en ordentlig kamp … som vi vant med hjelp av lang og god klepp.
Matrosene har ingen ting å klage på. Kokkene om bord har disket opp med nybakt pannebrød til frokost, stekt egg og bacon og nye middagsretter hver kveld. Vi blei også overbevist om at sushi kan være godt. Vi blei servert rå tunfisk (sushi) til forrett og grillet, marinert lokal fisk og tunfisk med potetskiver til hovedrett.
På hjemveien tilbake til Tahiti blåste det godt. Vi hadde kryss tilbake i 10-12 m/s, men båten oppførte seg eksemplarisk. Vi så hvalen blåse og kaste seg ut av vannet, men det var langt unna oss. Når vi nærmet oss Tahiti og siktet oss inn på passet for havna dukket det plutselig opp 2 hvaler bare 10 m rett i front av båten …. . Flott opplevelse, men nesten i nærmeste laget siden vi seilte i 6 knop. Siste kveld lå vi for dregg på en mer vindutsatt plass, men vi lå trygt gjennom natta. Siste dagen dro vi tilbake til havna i Papeete, og i kveld blir det dusj på hotell og middag i land for oss fire. Vi drar fra Tahiti tidlig lørdag morgen lokal tid.
Vi takker for oss, og vi har blitt mange erfaringer rikere!!! Vi er også trygge på at T&Ø vil ta de rette valgene fremover.
Bente og Dag
Avtroppende matroser