Bula!
Det er no gått over to veker sidan me kom ombord på Freya som nye matrosar. I morgen går turen vidare til New Zealand, men me skulle gjerne ha vore ombord her endå lengre. For ordens skuld så er «me» Idunn og Tor, to norrøne gudar på eventyr på Fiji.








Ingen av oss er vel noko utprega sjøfolk, men me må sei at det har gått veldig fint. Det har ikkje vore noko spying og me har sove godt sjølv om det har vore ein del sjø og vind på ankringane me låg i.
Øyvind fortalde i grove trekk korleis me hadde det den fyrste halvdelen av turen, men verkar å gløymd bort ei hending. Dette var då me hadde ankra opp med Yanuya øvst i øygruppa Mamanuca.
Tradisjon tru ville me inn til land for å helse på høvdingen i byen og gje han ein kvast med Kavarøtter. Det var litt sjø og såg litt rufsete ut å kome seg inn til land, så Øyvind og Tina ville fyrst på synfaring før dei henta landkrabbene. Det endte med at dei ikkje kom seg fram på stranda, prøvde ei alternativ rute og til slutt stranda med jolla på et svaberg eit stykke frå stranda.
Dei hadde vald å ikkje bruke motoren, men berre padle som gjorde at dei hadde blitt tatt av sterk vind på eit punkt. Det er lett å vere etterpåklok, men det osa ikkje akkurat gode beslutningar kring denne hendinga. Øyvind og Tina leita etter ein måte å kome seg attende på, men gode råd var dyre og det var strengt tatt lite landkrabbene på Freya kunne gjere.
Det heile endte med at dei vart henta av ein annan seglar på same ankringa og dei returnera slukøyra til båten. Diverre fekk me ikkje tatt bilde av dei stranda seglarane, det var nemleg litt av eit syn.
Du, som les dette og sikkert las førre innlegg, hugsar kanskje at me var på Sevusevu i landsbyen i Waya. Her vart me etterkvart godt kjent med innbyggarane. Dagen etter me var og smaka på Kava var me på fjelltur med den lokale guiden Solo. Det var ei svært bratt affære då me gjekk rett opp fjellet som var kledd med lavastein. Det såg ikkje ut til å vere framkomeleg i det heile, men me var oppe på den 510m høge toppen i løpet av ein time.


Mary, den lokale dama som tidlegare hadde solgt oss ein del grønnsakar, invitera oss på middag ein kveld. Det takka me sjølvsagt ja til, og fekk servera ein heil del lokale rettar. Det var veldig moro å smake på dei ulike rettane. Det var ikkje alt som fall i smak, men det var blant anna ein utruleg god blekksprut som alle var einige om at var den beste dei hadde smaka.
Elles fekk me servera ei karri-gryte, muslingar, ei spinatpanne, noko dei kalte «sjø-druer» og Fijiansk brød.

Heile tida medan me var på tur fekk me snorkla mykje og sett ein heil del ulike fisketypar. Eg, Tor, var ikkje særleg begeistra for å snorkle før turen, men har storkosa meg med det no. Det var ein heil del korallar overalt kor me kasta anker og me kunne stort sett berre hoppe ut frå båten å snorkle rundt. I starten såg me mest små korall- og anemonefisk. Dei var i alle regnbogens fargar og det vart fast gjeremål å finne ut kva fiskar me hadde sett etter me snorkla.











Ein ting me har tykt vore veldig triveleg er at alle seglarar har ein veldig god tone med kvarandre. Då me låg inntil Waya var me innom Cedric frå Sør-Afrika og tok nokre øl med han, og me hadde også to trivlege kveldar med Sarah frå Noreg på Malololailai. Her i Port Denarau trefte me også australiaren Pete som hadde handla sin båt samtidig som Øyvind og Tina kjøpte Freya i Mexico, der fekk med heilt topp grillmat.
For å vere sikre på at me rakk flyet i Nadi torsdag reiste me tilbake frå Yasawa gruppa allereie laurdagen før. På vegen ankra me mellom anna på Bounty Island kor me såg ein leopardhai når me var ute å snorkla. Den låg berre på botnen med sidan av ein korall og slappa av. Me overnatta ei natt utafor Bounty Island før me tok fatt på vegen tilbake til Denarau kor me skal byttast ut med nye matrosar.
Me var også innom Lautoka på vegen, ein industriby kor det er stor produksjon av brunt sukker. Heile byen lukta som når ein kokar saft av solbær, som gav varierande reaksjonar i gruppa. Landbruket på Fiji er mest basera på produksjon av sukker, samt litt ulike fruktar og grønsakar.
Då me kom til Denarau klara me å rive hol i jolla då me skulle kaste den i vatnet. Me gjorde eit godt forsøk på å reparere gummibåten, men det viste seg at ein helst skulle vente i 24 timar frå lappen var på til det var trykk på den. Me venta ca. 2,4 timar. Las litt feil der. Uansett var det berre å alltid ha med seg pumpe i jolla, så viste det seg å ikkje vere noko problem. Nokon vil kanskje seie at det vart betre slik…

Du, som les dette og sikkert har lese fleire liknande innlegg, sit kanskje med mange spørsmål om korleis ulike sanitære ordningar er på båten. Det er slik at det er eit vassklosett på båten, som går på saltvatn og som brukar pumpar med handmakt til det som måtte vere i skåla er i sjøen. Difor er det viktig at ein alltid annonserar om ein må på do slik at ikkje folk tar seg eit bad samstundes eller tappar saltvatn til oppvask.
Me har med andre ord god kontroll på dovanane til kvarandre etter eit par veker på båten. Det har vore lite dusjing med unntak av Musket Cove i starten av øygruppa Mamanuca før me kom attende til Denarau. Det var ubeskriveleg godt å vaske av seg alt salt og solkrem. LIkevel kjende me oss ikkje skitne då me stort sett bada kvar dag i sjøen.
Maten ombord har vært helt upåklagelig. Tina baka brød stort sett annan kvar morgon. På vegne av matrosana vil eg seie at av alle plassar me har vore rundt i verden og reist, har me aldri fått så godt brød. Elles bestod frukostane av ulikt pålegg og mykje tomater og agurk.
Me var kanskje førebudd på at det vart enkel mat å få på båten, kanskje litt som drivstoff for kroppen. Me vart veldig positivt overraska. Me har ete heilsteikt kylling eit par gonger, heimelaga pizza, indisk gryte, grilla Mackerell som Idunn heltemodig fanga, ulike salatar og mykje god mat. Det har ikkje vore så mykje kjøtt me har ete, då det ikkje er like haldbart over lengre tid, men mykje gode grønsaker.

Kort beskrive har dagane innheldt mykje bading og snorkling, fine kryssingar, kortspel, god mat, formidable lokale radiosendingar og klassisk god stemning.
Me har hatt ei fantastisk tid på Freya, og vil takke Øyvind og Tina stort for at me fekk lov til å kome her å vere del av deira reise. Hadde me vore frå Amerika hadde dette heilt klart vore «a life-changing experience». Det er det vel kanskje også, men som nordmenn vel me å ikkje ta så store ord i munnen og kallar det heilt fantastisk. For det har det verkeleg vore!




Beste helsingar
Bøssegut Tor og Dekkstøs Idunn