Rett retning

No har vinden endeleg kome og me bevegar oss i rett retning. Satsar på ankomst New Zealand måndag morgon dersom alt går etter planen.
31°44S,173°14E, 4kn, 170°,3-5m/s ENE, 19:37Utc

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 🙂

Bort fra tropene

Havet er til tider helt blikk. Vannet er utrolig klart og vi ser flokker med tunfisk som patruljerer rundt skroget. Det merkes godt at vi seiler vekk fra tropene. Det går fra shorts på dagen til lue, støvler og full pakke på natta. 29°21’S,173°37’E, 3kn, 175°, 1-3 m/s S, 17:50 UTC.

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 🙂

Reklame

Morild

Hei!

alt bra på båten. lite vind to siste døgn, så har køyrt motor.bedre retning på vinden heldigvis. stjerneklart og mykje morild om nettene.26’38S,173’04E, 3kn, 0-1m/s SE,19:41utc

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya,

Eldri 🙂

To på rappen

Havna litt bakpå plutsele, så her kjem to oppdateringa på ein gang:

05/11

Hei! Alt bra med oss! Har hatt over et døgn med lite vind og motor. Nå er vinden her, men rett i tryne og med regnbyger. I det lange løp prøver vi å sikte oss inn på 27.24 S, 175.10 E .
20.17 UTC, 23.11S og 175.27E, 4 kn, 130°, 8-9m/s SSV

Link til kartet finn du her.

07/11

Hei! alt bra ombord. frustrerende med liten framdrift mot vinden, men håper på bedre vind snart. fikk fin Dorado i går så er fisk på menyen.
24’03S,174’07E, 2-4kn, 1-4m/s S, 19:16utc

Link til kartet finn du her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 😊

Utsjekk Fransk Polynesia

Daa er tida straks inne for aa forlate Fransk Polynesia. Her har me opplevd utruleg mykje fint, baade av natur og med folk me har moett, men etter over tre maanader skal det bli spanande aa utforske nye land. Me har sikta oss ut Suwarrow som fyrste landkjenning, eit naturreservat i Northern Cook Islands. Det er ein ubebudd atoll, der to oppsynsmenn jobbar seks maanader i aaret. Me reknar med aa bruke ei veke dit dersom vinden er god. Etter eit lite opphald i Suwarrow seglar me vidare mot Samoa, ein tur som  boer ta ei lita veke.

No bunkrar me opp og gjer klar baaten for ei lengre kryssing. Me haapar vaergudane er med oss, og heldigvis saa faar me igjen hjelp fraa vaar trufaste meterolog, Aurora.

Ship O’hoi

Tilbake til sivilisasjonen

Lyden av hanegal og bølgeskvulp er plutseleg bytta ut med bildur og byliv. Det er fullt av seglbåtar på ankringane og stjernehimmelen er tona ned på grunn av alt lyset. Men det er likevel godt å komme tilbake til sivilisasjonen. Det var spesielt å gå i butikken der utvalet var stort, enormt stort etter standarden me har vore vant med dei sist fire månadane. Her kan me handle av hjartans lyst, ikkje at skipskassa tillèt det då.. Tilgangen på drikkevatn her er fantastisk nok ubegrensa, noko som er ei stor forandring frå Tuamotu der me måtte lage vatnet sjølv og bruke minst mogleg. No brukar me med glede minst fire liter på ein kroppsvask. Det er også fantastisk å kunne vaske klede i berre ferskvatn, ikkje einast skyllinga slik me har vore vandt med i Tuamotu.

DSC_0252

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Me kom fram til Tahiti laurdag kveld, etter ein to dagars tur frå Rangiroa. Det var lite vind, så me køyrde motor mesteparten av tida. Turen gjekk bra og me fekk faktisk ein fin Wahoo så me kunne nyte råfersk sushi om bord. Wahooen vart middag i fire dagar og hadde ein heilt fantastisk smak, så me håpar på fleire slike fangstar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rangiroa var også ein flott atoll. Den er litt grønare enn dei andre, og har fleire innbyggjarar. Då me kom fram til Tiputa-passet fossa tidevatnet ut som ei elv, med delfinar som hoppa saltomortale i bølgene. Me såg på delfinane ei stund, men fann ut at straumen var for sterk for vår vesle motor, så me køyrde inn i neste pass. Delfinane såg me på fleire gonger frå land. Fantastiske dyr.

DSC_0262

DSC_0266

DSC_0291

Me hadde veldig mykje fint vær, og snorklemoglegheitane der var bra. Drift-snorklinga var annleis enn i Fakarava sør, det var mindre å sjå, men straumen var ti gonger så sterk så me suste innover passet med adrenalinnivå langt over normalen. Me fekk veldig nærkontakt med hai, etter at me skadeskaut litt fisk. Her fekk me også sjå fleire svære Moreneål i si fulle lengde. Stygge fiskar som skremte oss meir enn haien.

DSC03646

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I Rangiroa trefte me  på eit vennepar frå Frankrike som me møtte fyrste gongen i Mexico. Det var kjekt å kunne møtast att i Tuamotu. Me snorkla, grilla og koste oss i ei veke. Me var også innom Tiputa, den næraste landsbyen, og såg på missekåring. Det var tre kategoriar: Mr Tiputa, Miss Tiputa og sist, men ikkje minst Miss Rond Tiputa (Miss rund Tiputa). Miss Rond Tiputa var for damer i to-tre vektklassar over normalen. Det var eit artig show, og det var tydeleg att øyfolket har ei stor dose sjølvironi.

DSC03520

DSC03528

DSC03608

Tidenes brølar var nesten eit faktum då me gløymde å fortøye jolla ein ettermiddag. Eg kikka tilfeldigvis opp frå ei bok og såg ei jolle som låg og dreiv på god veg ut i laguna. Eg syntest den såg veldig kjent ut, til og med same motor som oss. Etter eit lite sekund hadde eg fått på meg svømmeføter og jumpa uti med bodyboardet. Eg svømte febrilsk mot jolla med mjølkesyre og blodsmak i kjeften, men rakk heldigvis fram til slutt. Tina sto på båten og lo.

Om to dagar får me storfint besøk. Foreldra til Tina flyr heilt på andre sida av jorda for å helse på oss. Sprekt! Dei skal vere her i to veker, og det gledar me oss veldig til. Dei skal bu på hotell i to dagar før dei flyttar inn på båten. Då skal eg og Tina snike oss til ein hotelldusj. Det vert fyrste dusjen på fire månader. Misforstå meg rett, me har vaska oss, men ein skikkeleg dusj med ubegrensa vatn har me ikkje sett sidan La Paz. Det kjem til å verte heilt fantastisk.

DSC_0299

DSC03620

 

Murphy

Då har me hatt besøk av Murphy og lova hass i eit par dagar. Det har ikkje vore så kjekt.

Det heile byrja med at me mista favoritthovudlykta vår. Det var kjipt. Så skulle me på tur til tredje(?) høgste fossen i verda. Det regna hele vegen, så når me nesten var framme så måtte me snu fordi elva me skulle krysse var for stor. Det var bittert. På vegen heim fekk eg to store gnagsår fulle av jord, og Tina sparka nesten av seg negla på eine tåa. Det var vondt. Så fekk me vite at vatnet i bukta ikkje kunne drikkast, så me måtte derfor krysse ned mot Ua Pou for å fylle vatn før Tuamotu. Det var kjedeleg. Under klargjering for kryssinga fann me ut at den automaitiske pumpa i kjølsvinet ikkje funka på auto. Det var dumt. Då me skulle reise ut frå bukta byrja motoren å fuske, eksosen og eksosvatnet var svart, og den vart varm fort. Det var litt skummelt. På kryssen ned mot Ua Pou, 25nm, så hadde me akkurat for skarp kurs pluss 2 knop sidestrøm så me måtte ta fleire slag. Det gjorde sitt til at me ikkje kom til å rekke fram før det vart mørkt. Det var uheldig. Då me endeleg klarte å stå inn i bukta, med motor og storsegl, så vart me jamt og trutt dytta inn mot fjellveggen av vinden og straumen. Då fann motoren ut at nok var nok, og ville ikkje gå høgare enn 1000rpm. Det var kjempeskummelt. Me fekk heldigvis snudd båten i tide og la ut kurs tilbake mot Nuku Hiva, den fyrste bukta me besøkte, der følte me oss trygge på å segle inn. Halv tolv kom me seglande inn i bukta med veldig skiftande vind og ein gigantisk seglbåt som låg på tvers midt i bukta. Den hadde me ikkje veldig lyst å kræsje inn i. Me måtte til slutt skru på motoren igjen og fekk då halta oss forbi og inn i ankringsområdet. Det var ein lettelse. Me kasta anker og då ville ikkje ankervinsjen helpe til lenger. Det byrja å bli nok.

Dagen etter fann me ut at det mest sannsyneleg var tett eksos som var problemet, noko som viste seg å stemme. «Eksosalbogen» gjekk det nesten ikkje an å blåse gjennom, så det var ikkje rart motoren sleit. Med ukonvensjonell bruk av skrutrekker fekk me vekk ein god del, så no går motoren betre enn den gjorde tidlegare. Me får håpe det held til me får tak i ein ny.

No gjer me klar båten for kryssing ned til Tuamotu. Forhåpentlegvis har Murphy forlatt oss no.

DSC_0111

Øyhopping i Marquesas

No har me vore i Marquesas i snart tre veker. Tida flyr.

Hiva Oa, fyrste stopp etter Mexico, er ei grøn øy. Skikkeleg grøn. Det er jungel over alt utanom akkurat i sentrum og den eine vegen. Ankringsområdet er dessverre ikkje noko å skryte av, med svell som rullar inn og mykje hai. Det var likevel kjærkomme etter overfarten. Etter ei lita veke i Hiva Oa, med suvenir i sekken og på kroppen, tok me turen ned til Fatu Hiva, Thor Heyerdal si øy. Den er om mogleg endå grønare, og her fann me verkeleg roen. Ankringa er i ei nydeleg bukt, Baie de vierges,omkransa av spesielle steinformasjonar.
Grunna bukta sine mange fallossymbol vart den då også kalla «penisbukta» heilt til misjonærane kom og endra namnet til jomfrubukta.

I Fatu Hiva møtte me igjen den norske båten Doris, med fire glade bergensarar om bord. Det var veldig kjekt å treffe likesinna nordmenn på turen. Me har også treft fleire hyggelege folk som me håpar å treffe att andre plassar i Stillehavet.

Frå Fatu Hiva segla me tilbake til Tahu Ata, ei mindre øy sør for Hiva Oa. Her var det sandstrender og palmesus. Me låg ankra i ei nydeleg bukt, Hana Moe Noe, med Djevlerokker på størrelse med jolla vår svømmande rundt båten. Dei fekk me også dykka litt med, noko som var utruleg artig. Her vart me og nokre andre seglarar invitert inn på middag rundt bålet til ein lokal som budde der. Me fekk servert nyleg fanga blekksprut, bonito i sitron og kokosmelk, og noko anna greier. Det smakte meget godt. Etter nokre dagar med dykking og strandliv fann me ut at me ville reise til Nuku Hiva for siste del av turen vår i Marquesas.

Her på Nuku Hiva skal me gå på eit par fjellturar, sjå på nokre Tikiar og handle inn litt til båten. Ankringen me er i no, Baie Taiohae, rullar fælt, men me skal flytte oss til ein betre plass, Baie Tai Oa, om nokre dagar. Her i Taiohae ligg også det me trur er verdens største private seglbåt (M5). Den er svær. Den har i tillegg til slepejollene (om slikt kan kallast slepejoller) eit sjøfly bakpå dekk. Det er nokon som har det.

Det er dårleg med utval i butikkane her, og nesten alt er veldig dyrt. Det går likevel fint å supplere litt på lageret i båten. Det som er bra er derimot frukta me har fått tak i. Her får ein kjøpt, eller bytta til seg, bananklasar, mango, sitron, kokosnøtt (dette er vel strengt tatt ei nøtt), pamplemousse og anna som eg ikkje kan namnet på. Pamplemousse er ein type grapefrukt på størrelse med ein håndball, og mykje søtare og mindre bitter enn den du får tak i på Handelslaget heime i Noreg. Den har det gått ein god del av, og me tenker å handle eit lite lager til Tuamotu, der det ikkje veks anna enn palmer.

Eg prøver fortsatt på fiske frå båten, og klarar fortsatt å miste slukar. Denne gongen fekk eg ein liten bonito heilt inn til båten før ein hai kom og reiste med fisk, sluk og snøre. Det vart eit blodbad ein halvmeter frå båten. Mindre artig. Av det positive så har me no fått tips til tilbereding av bonito så no vert den fortært med stor appetitt.

Baie Tai Oa vert siste stopp før me kryssar ned til Fakarava i Tuamotu, ein overfart som bør ta oss om lag fem dagar. Me ser fram til atollane i Tuamotu, og satsar på at det vert fantastisk dykking og bra surf der.

wpid-dsc_0043.jpg

wpid-dsc_0031.jpgwpid-dsc_0005.jpgwpid-dsc_0016.jpgwpid-dsc_0039.jpgwpid-p5160092.jpgwpid-p5160093.jpgwpid-p5180104.jpgwpid-p5180112.jpgwpid-p5170101.jpgwpid-dsc_0070.jpgwpid-dsc_0092.jpgwpid-p5150089.jpgwpid-dsc_0100.jpgwpid-dsc_0074.jpg

Me klarte det!

Endeleg fast grunn å trø på. No har me ankra opp i Atuona bay på Hiva Oa og går rundt som to store glis og kan nesten ikkje tru det er sant. Turen tok nesten 31 dagar, noko som er ganske lenge. Me har segla 2934 nautiske mil på 30 døgn og 18 timar med ein gjennomsnittsfart på 3,98 knop. Det er cirka det me hadde rekna med. Det har vore opp- og nedturar, og då snakkar eg ikkje berre om bølgene. Me har hatt mykje fint vær, men fekk så absolutt dosa vår av torebyer og regnbyer, og vart ganske slitne i kropp og sjel av det. Segl som slo og store bølger frå sida som kasta oss rundt sette tolmodet på prøve, og det hagla nok ei og anna sjømannsglose ut over bølgene når det vogga eller slo litt vel mykje. Me var heldigvis aldri i situasjonar der me var redde, og har verkeleg botnsolid tru på Frøya sine sjøeigenskapar.

I løpet av overfarten var me faktisk nesten på kollisjonskurs med tre skip, dette skjedde midt utpå,  og me skvatt ganske greitt då AISen peip og fortalt oss at me kom til å passere med ei margin på 1 nmil. Spørsmålet var då om me passerte framom eller bakom, og det var ganske høg puls når me prøvde og feila litt før me fann ut tryggaste kursen å fare. AISen er faktisk den duppedingsen me har sett størst pris på, og kunne ikkje tenkt oss ein overfart utan.

Elles må me vel innrømme at 31 døgn til sjøs føltes lengre enn me rekna med. Dette vart også forsterka av at ein fekk vondt i baken av å sitte for mykje, etterfølgt av at ein fekk vondt i knea og hælane av å stå for mykje (båtdekk er hardt). Me fekk heldigvis ikkje liggesår.  Det tok også omlag halve vegen før me kom skikkeleg inn i det og slutta å tenke på alt som kunne gå galt. Me hadde rekna med at dette skulle ta rundt ei vekes tid, men følelsen av at ein er heilt aleine og milevis frå hjelp slapp ikkje taket før då. Turen byrja då også ganske dårleg med at vatnet me fylte i Puerto Vallarta ikkje var drikkandes, vasstanken lakk med ein gong og watermakeren byrja å fuske etter tre dagar. Sjølv om me fann ut av problemet med watermakeren fort, så var det ein dårleg følelse å vere tilnærma avhengig av den. Sjølv om me hadde fint overlevd ved å koke det vatnet me hadde ombord, så var det ein lite lystig tanke. Det vart heldigvis ikkje noko problem, og me lagde fint 4 liter drikkevatn kvar dag.

Det var også varmt på turen. Skrekkeleg varmt. Sveittespruten stod som ei tåkesky rund oss, og alt av klede og laken vart kjapt innsmørt med salt, sveitte og solkrem. Det var titt og ofte at me drøymde oss heim til tørre sengeklede, kald dusj og kjølig vårvêr i Noreg. Etter ekvator vart me akklimatisert og no er det faktisk ikkje så verst, sjølv om dagen er steikande varm og bading ikkje er aktuelt grunna ein stor populasjon av hai i bukta.

Det var også mange oppturar undervegs, og me sit igjen med eit positivt syn på turen. Det var magisk med delfinar om natta som, opplyst av moreld, såg ut som dei var teikna med ein tryllestav. Stjernehimmelen var ekstrem, og utallige soloppgangar og -nedgangar (var visst berre rundt 30 av kvar seier Tina) , einast for våre auge, har lagt seg på minnet.

Noko av det eg gleda meg mest til var å dorge over heile Stillehavet. Det var dessverre mindre fisk enn eg håpte på, men eg klarte likevel å miste tre slukar. To av dei gjekk med til Midgardsormen, eller noko anna av liknande størrelse, og eg måtte be til høgare makter om at ikkje alt snøret mitt skulle reise. 100 meter snøre forsvann på sekund på hard brems, og eg fann fort ut at eg ikkje ville ha dette utysket ombord. Siste sluken gjekk med til ein passe stor Wahoo som hadde litt for skarpe tenner for fortommen min. Elles kan fisket oppsummerast med ein Yellowfin tuna på eit par kilo, ein knøttliten Wahoo, ein Slangemakrell og to Bonito på 7 og 12 kilo. Bonitoen er dessverre rekna som kattemat, så me slapp den eine ut igjen (men jaggu var det moro å få den på kroken).

No nyt me late dagar her før turen går vidare til Fatu Hiva og Tahuata. Det er dessverre dårleg med internett her, så oppdateringane kan bli meir sporadiske framover

.DSC_0291DSC_0285DSC_0315

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA     DSC_0331 DSC_0327    bursdag DSC_0341 DSC_0361 DSC_0364 DSC_0371 DSC_0379 DSC_0382land i sikteDSC_0418DSC_0406DSC_0413DSC_0420

Hiva Oa!

Gladmelding:

Woho! Ankret opp paa Hiva Oa, 17.00 utc. Det er helt fantastisk her!

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 🙂