Den lange kvite skyens land

Me har hatt snart tre fantastiske veker i New Zealand. Temperaturen er veldig komfortabel og me går stort sett i shorts og t-skjorte,  dette til tross for at me i skrivande stund kan notere femte desember, rart. New Zealand på Maori betyr «den lange kvite skyens land», noko som ein tydeleg kan forstå med dei voldsomme tåkebankane som rullar innover landet med jamne mellomrom. 

DSC00885

Bay of Islands er eit område fullt av små frodige øyer, med fantastiske bukter rundt kvar eit nes. Det er fine ankringar og gode stiar omkring øyene. Her hadde me fire flotte dagar med Monica på besøk. Me fekk segla gjennom heile området og gått på fine turar. Monica hadde fått tips frå noken lokale kjentfolk om kvar ein burde reise, så då fekk me opplevd dei beste plassane. Ho hadde dessverre begrensa med tid og måtte reise tilbake til Noreg etter fem dagar. Det var veldig kjekt med besøk!

DSC00753DSC00703DSC00775DSC00657

Me tilbragte ei veke til i Bay of Islands, der me fekk sett fleire av øyene og gått mykje på tur. Det er fantastisk å kunne gå på lengre turar etter så lenge å ha vore låst til båtens beskjedne areal.

DSC00781

DSC00805

DSC00848DSC00855

Etter Bay of Islands satte me kursen ned mot Whangarei, der båten skal ligge medan me er heime i jula. Me brukte tre dagar på turen ned, med stopp på flotte plassar ned langs kysten. Pingvinar som duppa i overflata såg me kvar dag. Det var veldig artig.  Ein stor turisattraksjon i området er å køyre gjennom «Hole in the Rock» på tuppen av Bay of Islands. Det er eit kjempestort naturleg hol i ei klippe som står rett opp av havet. Dessverre var været dårleg då me passerte, men me fekk no skimta det gjennom tåka og regnet. Det er forøvrig hol og grotter overalt rundt her, så me har no fått dosa vår.  

DSC01013DSC01009

Det kan minne om naturen i Noreg når ein går rundt på tur, heilt til ein plutseleg ser ein papegøye, eller fem meter høge bregner, eller palmer og sandstrender. Ein får litt på følelsen å vere tilbake i urtida inne i bregneskogen.

DSC00670DSC00914DSC00896

 Naturen elles er fantastisk og det er eit rikt fugleliv på kysten, med svære fugleflokkar så langt auga kan sjå. Her har me sett alt frå gigantiske albatrossar med vengespenn i metervis, til knøttsmå fuglar som sprett bortover bølgjene. Det er atter normal størrelse på fisken, sjølv om den ikkje liknar så mykje på den me har heime. Eg, Øyvind, vart kongen av måkene når eg delte ut fiskeslo frå båten. 

DSC01032DSC01053DSC01050DSC00825DSC01054

No ligg me i havn og brukar tida til å pakke ned båten før me reiser heim til jul. Det skal bli veldig kjekt å treffe att alle heime. Det blir heller ikkje feil med pinnekjøtt og juleøl. Me skal ha ein liten stopp innom Bangkok før me kjem heim den 14. desember.