New Zealand

Då har me omsider komme fram til New Zealand. Det er ganske surrealistisk at me har segla så langt denne sesongen. No har triptellaren runda 8600 nautiske mil sidan me kjøpte båten. Ganske respektabelt synest me.

Det var kaldt, vått og surt då me segla inn i Bay of Islands. Nesten som å kome heim med andre ord. Heldigvis er det varmeovn ombord, så me fekk varmen i oss ganske fort. Insjekk har gått fint, dei måtte gasse båten vår for insekt, noko me synest er heilt greitt. Blindpassasjerane har vore ombord lenge nok.

Turen ned var, sett i ettertid, ikkje så værst. Det byrja dårleg med  sterk vind  og store bølger ut frå Fiji, der me mista ei dieselkanne overbord. To dagar med sterk motvind og store bølger midtvegs, der me bevega oss 50 nautiske mot mål på 48 timar. Det gjorde oss litt motlause. . Etter det var det tilnærma vindstille i fem dagar, men  med motor så køyrde me mot mål i det minste. Me har køyrt fleire timar med motor på denne overfarten enn frå Mexico til Fiji! Slutten av turen var meir segling, og me kom fram til Opua i grevens tid med kuling i ryggen.

DSC00563DSC00571DSC00562

Me kryssa 15 breddegrader frå Fiji til Opua, noko me merka godt på temperaturen. Det gjekk frå knapt shorts til stilongs og solide seglklede. Natta vart også kald og me måtte pakke oss godt inn i fleecepledd for å halde varmen. Merkar at det er ei stund sidan me har vore i «kulda».

DSC00602DSC00611

Det vart fiska på denne overfarten og. Me fekk ganske fort ein fin Mahi Mahi som gav måltid for tre- fire dagar. Fisketaco var på menyem og smakte himmelsk. Etter fyrste fisken fann Tina ut at ho ville få opp neste fisk sidan det til no berre har vore eg som har hatt den gleda. Som sagt så gjort, neste fisk som beit på var Tina sin. Det skreik godt i snella og Tina tok opp kampen, etter gode 15 minutt hadde SuperTina fått fisken inn til båten, og eg kleppa med stø hand. Og for ein fisk! Big Eye tuna på omlag 25 kg. Ikkje værst som fyrste sydhavsfisk.

DSC00584DSC00599

Det vart Sushi i lange baner, og det vert nok fisk på menyen i nokre dagar til. Her i Opua skal me få besøk av Monica, ei god segleveninne av Tina, som tilfeldigvis er i New Zealand no. Me skal segle rundt i Bay of Islands i nokre dagar, det ser me fram til.

Avlutningsvis er nokre bilder av soloppgangar frå turen

DSC00576DSC00580

Reklame

Rett retning

No har vinden endeleg kome og me bevegar oss i rett retning. Satsar på ankomst New Zealand måndag morgon dersom alt går etter planen.
31°44S,173°14E, 4kn, 170°,3-5m/s ENE, 19:37Utc

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 🙂

Bort fra tropene

Havet er til tider helt blikk. Vannet er utrolig klart og vi ser flokker med tunfisk som patruljerer rundt skroget. Det merkes godt at vi seiler vekk fra tropene. Det går fra shorts på dagen til lue, støvler og full pakke på natta. 29°21’S,173°37’E, 3kn, 175°, 1-3 m/s S, 17:50 UTC.

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 🙂

Morild

Hei!

alt bra på båten. lite vind to siste døgn, så har køyrt motor.bedre retning på vinden heldigvis. stjerneklart og mykje morild om nettene.26’38S,173’04E, 3kn, 0-1m/s SE,19:41utc

Link til kartet her.

På vegne av S/V Freya,

Eldri 🙂

To på rappen

Havna litt bakpå plutsele, så her kjem to oppdateringa på ein gang:

05/11

Hei! Alt bra med oss! Har hatt over et døgn med lite vind og motor. Nå er vinden her, men rett i tryne og med regnbyger. I det lange løp prøver vi å sikte oss inn på 27.24 S, 175.10 E .
20.17 UTC, 23.11S og 175.27E, 4 kn, 130°, 8-9m/s SSV

Link til kartet finn du her.

07/11

Hei! alt bra ombord. frustrerende med liten framdrift mot vinden, men håper på bedre vind snart. fikk fin Dorado i går så er fisk på menyen.
24’03S,174’07E, 2-4kn, 1-4m/s S, 19:16utc

Link til kartet finn du her.

På vegne av S/V Freya

Eldri 😊

God start på overfarten

Her er første oppdatering frå Tina og Øyvind :

20’40S,175’52E,5knop,kurs200°,6m/sSE,19:45utc. Me har det bra, komme godt igang med overfarten. Liten hvalhai(ca 4m) 1m fra båten. Fint vær og gode forhold

På vegene av S/V Freya

Eldri 🙂

S/V Freya TV featuring Peter & Hanne + New Zealand neste

Det var trist å si hade til Peter og Hanne forrige uke. Vi hadde det utrolig fint! Ikke så lenge til vi sees igjen heldigvis. Her er en video fra besøket: Ocean, Motion, Lotion in Fiji. Denne kan muligens ikke spille av på mobilen, men finn fram en PC så skal det gå bra.

I dag sjekker vi ut av Fiji og seiler ned til New Zealand. Den siste uka har vi brukt på å lade opp batteriene, både de på 12 volt og kroppen generelt. Turen vil nok ta knappe 2 uker og vi har funnet et fint værvindu. Mat er kjøpt inn, diesel og vann er fylt, seil og ymse ting er reparert, motoren har fått ny olje, riggen er sjekka og vi er klare!

Avreise 1

DSC00538

DSC00546

DSC00552

Vi sender oppdatering på veien og Eldri poster litt drypp her på bloggen.

Hadet så lenge!