Synfaring på Fiji

Våre to nye matroser, Idunn og Tor, har funne seg vel til rette på båten. Dei er allereie blitt gode og svidde til tross for at det har vore dårleg vær her i nesten ei veke. Norsk hud og alt det der… Det verkar ikkje som det er nokon mellomting i været her, det er anten steikande varmt eller surt, småkaldt og vått. Men kven klagar? Ikkje me i allefall.

DSC_0048

Tor styrer skuta

DSC01546

DSC_0028

Tor og Idunn ankom marinaen i Nadi (uttalast Nandi) tidleg på morgonen. Daudslitne og med søvnmangel drog me dei med på proviantering i Nadi. Me skulle handle mat og drikke for heile opphaldet deira, så me kunne reise til avsidesliggjande øyer utan butikk. Heldigvis var det ein flott grønsaksmarknad med det meste ein kunne tenkje seg. Her vart det handla både kjende og ukjende rotvekster, grønsaker, frukt og den søtaste ananasen me har smakt.

DSC01675

Frukost på Freya.

DSC01595

DSC01556

Tor jobbar med å få opp ankeret medan Øyvind ser på

DSC01589

Land ho!

Fyrste stopp ut frå Nadi var Musket cove, ei flott øy, men litt for tett mellom båtane. Det var også dritvær så opplevelsen av staden vart kanskje farga litt av det. Me traff att Sarah frå den Norske båten Serine der, og rakk å få inn ein fest eller to mellom regnbygene. Mamanucasgruppa har mykje meir turistar enn Yasawa, så planen var å kome raskt opp dit. På den andre ankringen fann me ei strand heilt for oss sjølve, og været var ikkje så verst. Det utnytta me til fulle med stort bål og middag på stranda. Idunn fanga middagen under overfarten, ein gedigen makrell (Spanish Mackerel) på 12 kg. Litt anna type enn den me er vant med i Noreg kanskje, sjølv om smaken faktisk ikkje var heilt ulik.

DSC01572

Idunn i kampmodus

DSC01578

Største makrellen Idunn har fått

DSC01632

DSC01611

To landevegsrøvarar på båttur

DSC01601

DSC01617

Bålet vert bra når Øyvind passar på

DSC01626

No har me endeleg kome oss opp til øya Waya, den fyrste øya i Yasawa. Det er ei heilt fantastisk øy med sandstrender, høge fjell, god snorkling og med ein koseleg landsby inne i bukta. Innbyggjarane er veldig hyggelege, og me er vorte varmt tatt imot.

DSC01657

DSC01649

Mary sel tomat og grønt til vitjande

DSC01642

Øyvind: Eg sa du ikkje skulle stirre høvdingen i augene, Tor

DSC01660

Pøblar på den lokale barneskulen

DSC01670

På Fiji er det landsbyen som eig land og sjø, og før ein kan utfolde seg på ein ny stad må ein få velsigning hjå den lokale høvdingen. Då skal ein ha med seg ein kvast me Kavarøtter som gåve til høvdingen. Den skal overrekkast under ein seremoni som vert kalla Sevusevu. Høvdingen tek imot kavaen og seier ei regle på Fijiansk der han takkar oss for gåva og at han tek oss under sine vengjer så lenge me er hjå dei. Etter velsigninga kan me bevege oss fritt i landsbyen, fiske og bade på deira grunn. Me hadde på førehand lest mykje om denne skikken og var veldig usikre på korleis dette eigentleg gjekk føre seg. Heile opplevinga var udelt positiv, me vart tekne imot på stranda av Khuna, dotterdotter til høvdingen, ho snakka flytande engelsk og tok vel vare på oss under seremonien. Høvding Lai-Tom var ein hyggeleg mann i alderen 60 til 100 år.

Sidan me ikkje har drukke kava før vart me invitert av høvding Lai-Tom på grog (kava) ein ettermiddag. Kava er ein svakt narkotisk drikk som gjev numne lepper og er søvndyssande. Kavarøttene vert knust til pulver og blanda med vatn. Resultatet ser etter ei stund ut som skittent oppvaskvatn. Mmmm, høyres godt ut ! Det er også ritual når ein skal drikke kava. Før ein tek i mot koppen, som er eit halvt kokosnøttskal, skal ein seie Bula! og klappe ein gong. Etter ein har drukke opp alt skal ein klappe tra gonger til og seie Maca! (uttalast matha). Seremonien er ikkje over før bollen er tom. Denne tradisjonen har vel sin del av skylda for at Fijianarane er særs utsatt for alkoholisme, dei stoppar ikkje før flaska er tom. Me hadde høyrt at kava smakar vondt og kunne være vanskeleg å få ned, så me var spente på korleis dette skulle gå. Vår oppleving av drikken og ritualet var god og smaken var ikkje så verst. Me kjende at leppene og tunga vart numne, men vart ikkje søvnige. Mellom kvar runde snakka me om laust og fast frå Norge og Fiji. Det vart ein koseleg kveld rundt kavabollen.

DSC01691

Mary blandar kavapulveret med vatn

DSC01704

Solo knuser kavarøtter. Øyvind fylgjer med som ein god 70-åring

DSC01703

DSC01696

Idunn drikk grog

DSC01695

Tor også

Me har det veldig fint her. Det er ein trygg og god ankring og me gler oss til å utforske meir av området. I morgon skal me på guida tur på ein fjelltopp i dalen, middag på kvelden hjå nokre lokale og me har sett oss ut fleire plassar me skal snorkle og kose oss. Livet er ikkje så verst her på Fiji.

DSC01687

Ein fin gjeng, litt rare kanskje..

DSC01681

Tor kosar seg på stranda

DSC_0005

DSC_0055

Reklame

2 tanker om “Synfaring på Fiji

  1. Utrolig hvor mye dere har opplevd blant de lokale 🙂 Kava er neppe noe dere bør ta med som suvernir, men et godt eksempel på forskjellen mellom tradisjon og nye» dopingregler». Mange fine bilder som gir oss en opplevelse av nærhet. Flott at matrosene har tilpasset seg livet om bord 🙂

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s