Kart frå 1800-talet og ghettomarina

Turen til Fiji frå Samoa gjekk bra. Det starta med nydeleg segling det fyrste døgeret. Me fekk fisk, det var små bølger, blå himmel, stjerneklart og månelys om natta. Fantastiske forhold! Så kom det eit væromslag med kraftigare vind frå sør. Me fekk opp til 15 m/s på slør, altså bølgene traff båten midtskips. Det bygde seg opp kjapt og reisa blei mindre behageleg, lyden av bølgene som slo inn i sida både kjentes og høyrdes ut som grunnstøytingar. Spesielt lite kjekt var det når bølgene slo over båten og inn gjennom ventilen i taket og eit lukka vindauge, typisk nok så havna det meste i ansiktet på den som låg og sov. Brutal oppvakning. Det meste vert slitsom i slike forhold, men heldigvis roa vinden seg neste dag til 10 m/s og dreia litt øst. Då fekk me bølger og vind meir i stompen og reisa vart meir behageleg. Etter fem dagar til sjøs var me endeleg på veg inn til Fiji. Me kom inn i Nanuku passasjen midt på natta og var litt nervøse for det. Karta rundt Fiji har ikkje det beste ryktet på seg, og ein del av kartmaterialet stammar då også frå 1800-talet og var gjort med blylodd og sekstant. Ikkje bra. For å gjere det endå verre er mange av sjømerkene øydelagd av syklonar og ikkje blitt erstatta. Det gjekk heldigvis veldig greitt for oss å komme inn, me hadde god kontroll heile vegen og stjernene lyste såpass opp at me kunne sjå land.

DSC_0761

DSC_0762

DSC_0775

Her har me fått igjen pusten og kosar oss på den fredelege plassen. Me ligg på moring utanfor den mest shabby marinaen me har sett til no, men dei hyggelege ansatte veg lett opp for det. Savusavu er ein liten tettstad med mykje sjarm og livlege utestadar. Det er varme kilder her som renn ut i bukta og skapar trollsk stemning om morgonen. Dei lokale brukar dei til å koke maten sin i faktisk, så det er ikkje her me hoppar uti for å kjøle oss ned…

P9100106

Her har me truffe mykje hyggelege seglarar og blandt dei to andre norske båtar. Det er alltid kjekt. Prisane her er ei gledeleg overrasking. No kan me ta oss råd til å ete ute ein gong i blandt. Dette passar særs bra no når gassystemet på båten har tatt kvelden for ei lita stund. Internettet her er også heilt fantastisk. Me har fått ganske rimeleg internett på mobilen så nå kan me surfe i båten. Hadde ikkje trudd at me kom til å sette slik pris på å endeleg vere tilgjengeleg att.

DSC_0769

DSC_0773

P9130110

Båten skin igjen etter at Semi for over skroget med voks. Me hadde vanlegvis gjort dette sjølve, men Semi kapra oss på gata fyrste kvelden og med hadde ikkje hjerte til å sei nei når han fortalte om sine åtte barn som måtte leve på ris og vatn. Han forsnakka seg eit par dagar etter då han fortalte om sine seks barn som skulle få ferske grønnsaker og kjøtt frå marknaden i landsbyen. Jaja, kjekk fyr lell og båten vart fin.

P9110108

Planen vidare er å komme oss ned til Nadi på vestsida av hovudøya i Fiji der me skal få på to nye matrosar. Me satsar på mange fine stopp på vegen. Dette gledar me oss sjølvsagt veldig til.

P9100102

Gløymde nesten å fortelje om fisken me fekk. Sjukaste fiskeopplevinga til no, det er det ingen tvil om. Bremsen skreik plutseleg iltert, og eg sprang bort for å stramme den til. Medan eg var opptatt med å sjå på snella kjem utropet – å fytti hælvette- frå Tina. I det eg ser opp hoppar fisken endå ein gong og ein svær seglfisk (Sailfish) kjem til syne 70 meter bak båten. Heile fisken er oppe av vatnet, og den reiser på eit utras som nesten tømmer snella (på maks brems). Tina skrik: Kutt snøret, dette gåkke. Eg hadde ikkje heilt trua på det sjølv for å vere heilt ærleg, men etter det fyrste utraset gav den seg, og var eigentleg ganske grei å få inn etter det. Litt småskummelt å kleppe og dra monsteret ombord i båten med sverdet veivande rundt. Fisken smakte godt, og me har fortsatt ein del igjen, den var tross alt 2,5 meter lang!

New Image

DSC_0752

DSC_0753

Reklame

7 tanker om “Kart frå 1800-talet og ghettomarina

  1. Takk for nok eit godt, interessant og artig innlegg med fantastiske bilete. Og ikkje minst: Gratulerer med storfisk og fiskeoppleving av det unike slaget! Omsider kom avsløringa:-)! Ynskjer dykk gode dagar vidare!

    Liker

  2. Som alltid, artig lesning 🙂 Den fisken var rå! Det må ha vært en utapåsegsjæl opplevelse!! Dro dere den opp etter et fall eller hvordan fikk dere den i båten? God seilas videre rundt Fiji 🙂

    Liker

  3. Ja, dette er fornøyelig og informerende på samme tid 🙂 . En form for underdrivelse av viktige poeng, men fiskehistorien som «nesten blei glemt» er en historie for seg. Dere har fått en sportsfiskeropplevelse som enkelte betaler titusener for å oppleve. At dere også fikk en av disse verdens raskeste fiskene ombord, er bare helt utrolig :-). Halen er et klenodium dere må tørke og passe godt på! Det samme gjelder egentlig skalle og nebb. Dette er trofeer av høyeste klasse. Ikke rart det blei væromslag når dere hentet ut en av havets gladiatorer :-). Det er til deres fordel at dette var matauke!!!! Derfor roet også været seg etter hvert.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s