Nok ei stor kryssing er vel overstått. Etter forsienka avreise frå Huahine ligg me no trygt fortøyd i Apia Marina i Vest Samoa, etter 12 dagar på vatnet. Kryssinga gjekk veldig fint, sjølv om den vart mykje lengre enn me hadde tenkt. I utgangspunktet var planen å stoppe på Suwarrow, som er på vegen, for å kvile litt og for å utforske atollen. Slik vart det ikkje på grunn av tidsmangel, gassmangel og dårlege værutsikter. Suwarrow er ubebudd og svært utsatt for dårleg vær, så valget var ikkje så vanskeleg. Kryssinga vart over dobbelt så lang som planen, men sidan me var veldig heldige med været så gjekk det heilt fint. Me hadde eit par byger med skikkeleg vind, men ellers var det fint vær med sol om dagen og stjerner om natta. Det var eit skikkeleg drittvær lengre sør for oss, der me eigentleg hadde tenkt oss, og me høyrde om fleire båtar som måtte komme seg vekk frå uværet. Me hadde vel flaks med været for ein gangs skyld.
Den mest ekstreme solnedgangen nokon sinne fekk me sjå midtvegs på turen. Det var lilla, rosa gult, grønt og blått heile horisonten rundt oss og den tok aldri slutt. Me sto og måpte. Slikt kan ein ikkje fange på film eller kamera dessverre. Øyvind hadde også sin livs fiskekamp undervegs. Ein tunfisk på størrelse med Tina beit på (ca 50 kg), og kampen varte i ein time. Det var mykje sveitte, blod og banning undervegs, men til slutt gjekk fisken av med seieren, to meter frå båten. Kanskje like greitt, den var alt for stor for oss sidan me ikkje har fryseboks, og det er heller usikkert om fiskeren hadde igjen krefter til å hale beistet ombord. Det var gangsperr i mage, lår, rygg og armar i to dagar etterpå. Ellers på turen fekk me to Dorado, ein fisk me ikkje har fått før. Den smakar som kylling og me fekk heile seks middagar ut av dei to.
Innsjekkinga til Samoa var litt av ein prosess. Heile fire stykkjer frå ulike departement skulle innom båten og me måtte fylle ut ein bunke med papir for kvar av dei, men god stemning var det.
Samoa er ein uslipt diamant. Det er mykje å oppleve, både kultur, mat og natur. Dei aller fleste snakkar godt engelsk, noko som er supert for oss, etter trois mois en Polynésie française. Her går menn og kvinner i skjørt, eller Lavalava som det heiter. Øyvind har kasta seg på moten! Folket her er veldig hyggelige og det er lett å komme i snakk med folk. Dei er like nyfikne på oss som me er på dei, og me gler oss til å utforske meir av landet.
Stor takk til Aurora for spot on værmelding under overfarten. Det er veldig trygt og godt å vite at nokon har kontroll på værsystema rundt oss.
Takk igjen for flott oppdatering! Kjekt å sjå storfiskaren i aksjon😄 – og same karen i skjørt med fast grunn under føttene… Vonar de får gode dagar på Samoa og at værgudane held seg på dykkar side til de er framme på Fiji.
LikerLiker