Meir under enn over vatn…

Plutseleg hadde me vore i Fakarava i nesten tre veker. Det var mykje å utforske både på land og i vatn. Fantastiske strender med rosa sand, hengekøye og slakkline mellom palmetrær og turkist hav ein kan ligge å duppe i når sola steiker som verst. Det er rart å vere her som  me har drøymt oss vekk til så mange gonger heime i Norge. Me veit me er heldige og prøver å nyte det til ei kvar tid. Det er ikkje alltid like greit å vere så langt vekke frå heime. Særleg når familien har fått eit nytt medlem. Gratulerar så mykje til Liv og Geoff med den vesle jenta.

IMG_8816

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fakarava har mykje å tilby. Sørpasset, Titamanu, byr på snorkling i verdsklasse. Der var det korallrev i perfekt stand. Dette må vere det beste me har opplevd til no på turen. Når tidevatnet renn inn i laguna driv me med straumen langs kanten av passet. Vatnet som renn inn er krystallklart og ein ny verden opnar seg. Med sikt på over 30 meter og masser av korallfisk og hai, er det som å symje i eit akvarium. Det er også nokre svære Napoleonsfiskar som ein kjem tett innpå. Dei er svære, men bedagelege, noko som gjev Tina assosiasjonar til ein gamal onkel. Drift-snorklinga i Titamanu var heilt fantastisk, og me fekk heldigvis gjort det mange gonger. I Rotoava, landsbyen ved nordpasset, fekk me lånt oss syklar, og fekk ein  flott sykkeltur til Nordpasset. Her fann me vår eigen perfekte strand, og naut eit bad i nettoen. Det var også kokosnøtter som kunne plukkast, så me tok med oss nokre til båten for å mekke kokosdrinkar. Slik går dagane i paradis..

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Me traff fleire fine folk  under opphaldet i Fakarava. Ekstra artig var det å møte to andre norske båtar. Det var Astahaya, med Tom og Christian, og Lovinda Too med Svein og Irene. Det er ikkje fleire enn seks norske båtar på segltur i Stillehavet, så at me plutseleg var tre norske båtar på same ankringa var spesielt. Det er utruleg hyggelege folk som me set veldig pris på. Me fekk kjapt tilnamnet «barna», og vart tatt godt vare på. Me satsar på å treffe dei att sidan me alle skal til Fiji.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

IMG_8886

IMG_5371

IMG_8892 (2)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter halvanna veke i Fakarava var planen å reise vidare til Toau. Me måtte reise tidleg om morgonen for å kome ut av passet på rett tid. På veg til passet hadde me eit uhell der bomfestet rauk, og me måtte snu og reise tilbake til ankerplassen. Då hadde Tom og Christian 20års feiring, og me vart invitert med på perlefarm (Tina svei av eit halvt månadsbudsjett på perleøyredobbar) og middag på ein liten restaurant. Det vart ein fin dag.  Bommen var heldigvis lett å fikse så tidleg neste morgon freista me på nytt. Då fekk me ikkje ankeret opp og me mista jekken til ankerspelet over bord. Den må me ha, så då vart det dykking så snart sola stod opp. Det vart soleis ikkje avreise den dagen heller. Plutseleg var det ikkje lenger gunstig vind og me fann til slutt ut at det kanskje ikkje var meininga at me skulle komme oss til Toau. Me slo difor fylgje med dei to norske båtane, og reiste tilbake til sørpasset. Det angra me ikkje på og naut ei fantastisk veke med god mat, masse drikke og godt selskap

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For tre dagar sidan reiste me ut frå sørpasset og sette kursen for Rangiroa, den største atollen i Tuamotu. Fakrava prøvde nok ein gong å dra oss tilbake. Like utanfor atollen høyrde me ein rar lyd, og såg plutseleg at heile genoaen låg i vatnet langs båten. Det kunne blitt ille, men me fekk berga den kjapt opp i båten. Heldigvis er det to forsegl på båten, så me heiste kutterseglet og fortsette mot Rangiroa. Resten av turen var kjempefin, med nydeleg vær og lite bølger. Etter Halvanna døger var me framme og kunne ankre opp ved landsbyen Tiputa. Her er det fint, men storby i forhold til Rotoava. Planen er å vere her ei stund, og her skal me møte nokon venner på vår alder som me møtte i Mexico. Det vert kjekt.

strand

dykk1

dykk2

Når det gjeld det daglege livet på båten så må me nok innsjå at me har bomma ein del under handlinga i Mexico. Matlageret i båten byrjar å bli skrapa. Me må derfor vere litt kreative i matvegen sidan alt er så dyrt her. Me kjøper for eksempel vanleg kjeks og saltar den sjølv, sidan saltkjeksen er tre gonger så dyr. Det er heller ikkje alltid lett å lage mat når kjøkkenet bevegar på seg. Det har gått nokre middagar i golvet.

Vår kjære kindle har desverre avgått med døden, så no les me det me kan få bytta til oss. siste på lista var «In Siberia», ei reiseforteljing frå Sibir. Den var overraskande lite kjedeleg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fakarava Luft 3

Reklame

3 tanker om “Meir under enn over vatn…

  1. Herrigud, for et eventyr! Jeg har hatt for mye og gjøre, og har ikke fulgt med på en stund – men plutselig var det tre innlegg klare for lesing en regnværsdag i Kristiansund. Perfekt!

    Høres ut som om dere, på tross av både Murphy og litt uflaks, har det helt fantastisk! Er ikke misunnelig overhodet selvsagt 😉 Kos dere massemasse for alle oss som lever med norsk «sommer» også!

    Liker

  2. Fantastisk….. Dere lever virkelig drømmen fullt ut! Say no more 🙂 vi gleder oss mer enn noensinne til Fiji 🙂

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s