Lyden av hanegal og bølgeskvulp er plutseleg bytta ut med bildur og byliv. Det er fullt av seglbåtar på ankringane og stjernehimmelen er tona ned på grunn av alt lyset. Men det er likevel godt å komme tilbake til sivilisasjonen. Det var spesielt å gå i butikken der utvalet var stort, enormt stort etter standarden me har vore vant med dei sist fire månadane. Her kan me handle av hjartans lyst, ikkje at skipskassa tillèt det då.. Tilgangen på drikkevatn her er fantastisk nok ubegrensa, noko som er ei stor forandring frå Tuamotu der me måtte lage vatnet sjølv og bruke minst mogleg. No brukar me med glede minst fire liter på ein kroppsvask. Det er også fantastisk å kunne vaske klede i berre ferskvatn, ikkje einast skyllinga slik me har vore vandt med i Tuamotu.
Me kom fram til Tahiti laurdag kveld, etter ein to dagars tur frå Rangiroa. Det var lite vind, så me køyrde motor mesteparten av tida. Turen gjekk bra og me fekk faktisk ein fin Wahoo så me kunne nyte råfersk sushi om bord. Wahooen vart middag i fire dagar og hadde ein heilt fantastisk smak, så me håpar på fleire slike fangstar.
Rangiroa var også ein flott atoll. Den er litt grønare enn dei andre, og har fleire innbyggjarar. Då me kom fram til Tiputa-passet fossa tidevatnet ut som ei elv, med delfinar som hoppa saltomortale i bølgene. Me såg på delfinane ei stund, men fann ut at straumen var for sterk for vår vesle motor, så me køyrde inn i neste pass. Delfinane såg me på fleire gonger frå land. Fantastiske dyr.
Me hadde veldig mykje fint vær, og snorklemoglegheitane der var bra. Drift-snorklinga var annleis enn i Fakarava sør, det var mindre å sjå, men straumen var ti gonger så sterk så me suste innover passet med adrenalinnivå langt over normalen. Me fekk veldig nærkontakt med hai, etter at me skadeskaut litt fisk. Her fekk me også sjå fleire svære Moreneål i si fulle lengde. Stygge fiskar som skremte oss meir enn haien.
I Rangiroa trefte me på eit vennepar frå Frankrike som me møtte fyrste gongen i Mexico. Det var kjekt å kunne møtast att i Tuamotu. Me snorkla, grilla og koste oss i ei veke. Me var også innom Tiputa, den næraste landsbyen, og såg på missekåring. Det var tre kategoriar: Mr Tiputa, Miss Tiputa og sist, men ikkje minst Miss Rond Tiputa (Miss rund Tiputa). Miss Rond Tiputa var for damer i to-tre vektklassar over normalen. Det var eit artig show, og det var tydeleg att øyfolket har ei stor dose sjølvironi.
Tidenes brølar var nesten eit faktum då me gløymde å fortøye jolla ein ettermiddag. Eg kikka tilfeldigvis opp frå ei bok og såg ei jolle som låg og dreiv på god veg ut i laguna. Eg syntest den såg veldig kjent ut, til og med same motor som oss. Etter eit lite sekund hadde eg fått på meg svømmeføter og jumpa uti med bodyboardet. Eg svømte febrilsk mot jolla med mjølkesyre og blodsmak i kjeften, men rakk heldigvis fram til slutt. Tina sto på båten og lo.
Om to dagar får me storfint besøk. Foreldra til Tina flyr heilt på andre sida av jorda for å helse på oss. Sprekt! Dei skal vere her i to veker, og det gledar me oss veldig til. Dei skal bu på hotell i to dagar før dei flyttar inn på båten. Då skal eg og Tina snike oss til ein hotelldusj. Det vert fyrste dusjen på fire månader. Misforstå meg rett, me har vaska oss, men ein skikkeleg dusj med ubegrensa vatn har me ikkje sett sidan La Paz. Det kjem til å verte heilt fantastisk.