Fyrst ein liten filmsnutt som Tina har mekka frå tida på Marquesas øyane. Den finn du her.
Endeleg Tuamotu!
Me ligg trygt ankra opp i Fakarava, den nest største atollen i Tuamotu. Her er det verkeleg sydhavsidyll med asurblå lagune, sandstrender og palmesus. Å liggje på anker her er som ein våt draum i motsetnad til dei rullande ankringane på Marquesas øyene. Det er i grunn som å liggje i ein stor innsjø, der dei einaste bølgjene kjem frå vinden i laguna. Det er ei veldig behageleg stemning her, og innbyggarane er utruleg hyggelege.
Turen ned hit frå Marquesas tok fem netter. Me hadde fint klart det på fire, men når ein skal inn i atollane må ein kome når tidevasstraumane er lågast (maks flo eller maks fjøre) slik at det ikkje er noko særleg straum i passa. Ein bør også ha sola litt bak seg, eller rett over, slik at ein kan sjå alle korallhovudane. Me måtte derfor sakke farta når me nærma oss. Det viste seg faktisk å vere lettare sagt enn gjort med opptil 30 knop vind på slør. Me hadde maks rev i storseglet og rev i kutterseglet, men gjekk likevel i 6 knop. Overfarten var elles veldig fin, me hadde eit par squalls (regnbyger med kraftig vind som kan komme opp i 50 knop. Dei kjem fort!) men det gjekk veldig greitt. Det var rart å vere undervegs igjen, men me kom kjapt inn i det.
Det kan være svært vanskeleg å kome inn i nokon av atollane her i Tuamotu. Me bestemte oss derfor for å reise til Fakarava fyrst der det faktisk er eit lett og oversiktleg pass utan korallhovud. Det som me var mest skeptiske til var tidevasstraumen, sidan me ikkje stolar heilt på motoren vår. Her i Fakarava renn det ut av passet i meir enn 10 knop med to meter brytande bølgjer over heile passet. I sånne forhold så stiller vel dei fleste båtar dårleg. Me planla derfor å koma inn til passet når det var litt etter maks fjøre, slik at me skulle få medstraum inn. Turen gjennom passet gjekk heldigvis veldig bra, motoren fungerte utmerket, og det klaffa perfekt med tidevasstraumen.
Me har på nytt funne roen og nyter slappe dagar, morgonbad før kaffien og småfiks på båten. No ligg me i nordenden av Fakarava ved landsbyen Rotoava. Me kjem til å utforske atollen sørover og håpar å finne avsides ankringar som me får ha heilt for oss sjølve.