Puerto Vallarta

Me er vel framme i Puerto Vallarta.

Onsdag klokka 9 drog me opp ankeret og peila oss ut ein kurs. Det heile starta ganske dramatisk ved at den automatiske pumpa i kjølsvinet byrja å gå med jamne mellomrom. Det var ikkje lekkasje frå vanntanken eller dass (tidlegare erfaring), så med hjarte i halsen opna eg opp luka til motorrommet. Der stod vasspruten rundt propellakslingen! Med ein solid dose adrenalin i kroppen klarte eg å lokalisere lekkasjen til watermakeren. Slangen til returvatnet hadde hoppa av så det var ein rask fiks. Flaks!

Turen vidare gjekk bedre, sjølv om me vart kasta litt rundt fyrste natta med 11 m/s på kryss. Heldigvis virkar båten bunnsolid, og me føler oss veldig trygge ombord.
Etter fyrste natta roa det seg betrakteleg, og me fekk lengre periodar med vindstille. Stjernehimmelen under nattevaktene var spektakulær, med fleire stjerner enn eg klarte å telje (sikkert fleire hundre). Morilden rundt båten gjorde nettene tilnærma surrealistiske,  og delfinar som leika under baugen var ei oppleving for livet.

Land var ute av syne etter den fyrste natta, og då me vart møtt av ei kvit due (kan muligens ha vore ein måke) den femte morgonen skjønte me at land nærma seg att. Det stille været varte heilt ned, så me brukte lengre tid enn me trudde. Turen tok 6 døgn og tre timar, var på 459 nautiske mil og med ein snittfart på 3,12 knop. No ligg me i Marina Vallarta og nyt å sove heile natta. Det var ein god testtur før kryssinga, og me er svært nøgde med båten.

No skal me bunkre opp og gjere klar båten for skikkeleg langtur. Omlag 30 dagar reknar me med det vil ta å krysse over. Det er ei stund…

sovblooper DSC_0220glisDSC_0244DSC_0253  DSC_0240 .DSC_0285

4 tanker om “Puerto Vallarta

  1. Takk for flott blogginnlegg! Godt å høyre at båten er stødig. Håpar at vindane er på lag når de legg ut på langtur, men håpar på eit aldri så lite nettmøte før den tid:-) mamma og pappa

    Liker

  2. Flott at skaden ikkje va verre og wow for ein tur de må ha hatt! Hadde vå veldig kjekt å skypa me dikka før de reise øve. De e meg nåken fine livsnytera, heilt fantastisk. Kjem da kanskje ein video?:)

    Liker

  3. Riktig god tur.
    Sjøl skal jeg tilbringe deler av påska i naustet på Røttingøy. Slik får jeg en følelse av å være på sjøen, samtidig som alt er trygt og godt – eller kanskje ikke? Viser til siste krimboka av Gunnar Stålesen: Ingen er så trygg i fare.

    PS: Søskenbarn Tarjei blir nå plassert på søsterhjemmet til Radiumhospitalet for 2-5 år. (Vi har kjøpt en av leil. på 17 m2 og den har kort avstand til restauranten Feinschmecker der han skal jobbe) DS

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s