Jeg har krangla litt med internett, youtube, strøm og PC, men fikk til slutt lasta opp en liten snutt fra sjøsettinga av båten. Trykk her!
Måned: februar 2015
Me flyt!
Båten er på vatnet. Endeleg!
Me vart satt ut laurdag ettermiddag. Det gjekk greit, men var rimeleg nervepirrande. Prosessen med å få båten på hengaren var ganske skremmande, HMS-planen deiras bør kanskje fornyast. Ellers var det betryggande å sjå at båten både flaut og lakk lite. Me kom oss fint inn til La Paz der me kasta anker. Dessverre vart motoren veldig for varm og saltvasspumpa lak. Den er sendt til service, så håpar motoren går normalt etter det.
Det er heilt fantastisk å ligge på anker. Det er behageleg å vakne til lett bølgeskvulp, og me slepp all myggen, bilane og gneldrande vakthundar.
Det var også karneval i La Paz, med parader og det heile, frå fredag til onsdag. Me var ute og lufta oss to av kveldane. Det var artig.
No gjer me klar båten for ein testtur til nokon øyer i nærleiken. Me må vente på saltvannspumpa, så er usikre på når me kan rese. Me har ikkje skaffa internett i båten endå, men har ein plan på det så får sjå korleis det går.
Dieseldyr
Framgang i Mexico!
Me har jobba hardt med båten for å gjere den klar til sjøsetting, og no er det ikkje mykje som står att. Det har vore nokre overraskingar, men heldigvis ikkje verre enn at det let seg fiksa (får me tru). Det største problemet me støytte på var under reingjering av dieseltankane. Eg har alder i mitt middels lange liv sett verre opphoping av organisk materiale i ein dieseltank (eg har kikka oppi minst to tidlegare). Dieselen i Mexico virkar tydelegvis også utmerkt som gjødsel. Det var dessverre tært små hol ein del plassar inne i tanken. Dette har me freista å tette med stålepoksy. Me vonar det er tett når me fyller på dieselen att i morgon. Då gjenstår det «berre» å få start på motoren før me er klar for sjøsetting. Det går jo an å håpe at det går på fyrste forsøk.
På måndag fekk me bekrefta at båten er vår. Betalinga og signaturane frå oss og seljar var kome fram til advokatkontoret i Delaware. Det vil likevel ta to til tre veker før me før registreringspapira på båten, fram til den tid seglar me under fullmakt frå tidlegare eigar.
Båten vert registrert i Delaware fordi det er vanskeleg og dyrt å registrere den i Noreg, og sidan me ikkje har planar om å segle den heim er det heller ikkje noko poeng. Litt synd at me etter Flagglova må segle med amerikansk flagg, men det vert nok det norske flagget som er oftast framme.
Me håpar på sjøsetting på fredag dersom alt går bra med tanken og motoren i morgon. Det ser me veldig fram til, og me er spente på kva det neste kapittelet av reisa vil bringe.

Dieseltankvask i lett Aceton-rus og med skuldra ute av ledd

Lyst på graut?
Ro ro til sjøs
Dagene flyr! Vi har fått jobba masse på båten og føler at ting faller på plass. Regner med å få til sjøsetting i løpet av få dager. Selv om det er vinter, blir det skikkelig varmt midt på dagen. Når det er på det varmeste går vi på lavgir og surrer litt mer enn vanlig. Dette har jeg funnet den perfekte løsning på, Øyvind pumper opp jolla og ror oss ut i solgangsbrisen 🙂

Solnedgang i byn

Midlertidig fiksing med ducktape

Gjester til lunsjen
S/V Freya TV
En liten video fra den første uka i vårt nye hjem. Klikk her for å se den 🙂
Me er ikkje heilt aleine…
Å sove i eigen båt i Mexico er ganske fantastisk. Det er eit stort steg på vegen mot draumen vår, og me må titt og ofte klype oss i armen (for å vere sikker). Me er veldig nøgde med å ha fått båt så kjapt. Dette var noko av det me var mest usikre på under planlegging av turen, sidan me måtte stole på at meklarfirmaet me hadde kontakt med var «ålreite» folk. Det var dei heldigvis! Me vart tatt vel i mot, og har følt oss godt ivareteke på alle plan. Dei er veldig hjelpsame, og me reknar med å ha god kontakt vidare.
Etter fire døgn i båten har me no fått litt oversikt over gjeremål før sjøsetting. Båten er no vaska i alle krokar me kjem til, og det var på overtid. Det var eit greitt belegg med skit som måtte skurast vekk og ei ekkel lukt me måtte bli kvitt. Dessverre fekk me med eit ukjent tal blindpassasjerar på kjøpet. Tina har observert ein kakkerlakk så langt, men der det er ein er det mange… Det blir nok ein vanskeleg krig, men satsar på at kjemisk krigføring ikkje er ulovleg under desse omstenda.
Ellers har me fått gjort ferdig nokre små prosjekt, men har mange att. Lageret på propellakslingen og roret må me leige folk til å skifte. Dette veit me ikkje kor lang tid tek, men me kosar oss her og nyt situasjonen me er i. Det er dass og dusj i marinaen, kjøleboksen på båten fungerer, og det er gratis buss inn til sentrum. Sjølv om det er flott å vere her håpar me på sjøsetting innan to veker.

Solcellepanela er kopla opp. Tina sørger for maks effekt. Masteren i fornybar energi kjem til nytte.