Då er siste budet vårt akseptert av seljar, og me er i praksis båteigarar av ein Bayfield 32. Herleg! I morgon flyttar me inn i Coppertop, soon to be Freya. Prosessen med å skifte namn skal gjerast etter boka, ellers risikerar me å fornærmar Neptun. Og det er ikkje bra!
Undersøkelsen i går gjekk bra, og i dag fekk me start på motoren som heldigvis gjekk veldig fint. Det vart funne ein del feil på båten som me ikkje var klar over, men ingenting som skremte oss.
Dei nye manglane gav oss grunnlag for å prute endå meir. Pruting er noko me er særs ukomfortable med, men me er veldig nøygd med eigen innsats her. Me enda til slutt med 32 % ned frå utgangspunktet.
For dei spesielt interesserte så listar me noko av det som vart funne i undersøkelsen.
* Røstjern til sidestag må skiftast (heldigvis lett tilgjengeleg).
* Roret må takast av for å skifte lager (cutless bearing) til propellaksling og pakning på rorakslingen.
* Kompresjonskloss under mast er forringa, men ikkje naudsynt å erstatte enda. Må haldast auge med.
* Mastefestet til bommen må reparerast
* Rense tank og dieselsystem, mucho diesel animales
* Ymse småtteri.